Kva vil me ha? Levedyktige butikkar eller black friday heile året?

nov 19, 2020

*Dette er et gjesteinnlegg skrevet av Giske Berland (gb-design). Giske beskriver seg selv som “frilans designer, merkevarebyggar og potet”. Hun står bak kampanjen og konseptet Nisjebutikkens Dag sammen med Gøril H. Florvaag (Butikkutvikler.no).


Singles Day, Black Friday, Black Weekend, Black Week, Cyber Monday, tradisjonell jolahandel og ein pågåande pandemi. Kva no kjære butikkeigar?

Små, store, unike, uavhengige og sjølvstendige butikkar skapar store verdiar, mangfald, arbeidsplassar og levande stader. Det er fakta.

Men, om ikkje forbrukarane får augene opp for kva alle desse nisjebutikkane har å by på og kva dei betyr for den lokale verdiskapinga – ja då er det vanskeleg å få forbrukarane til Å VELJA dei lokale nisjebutikkane framføre store kjeder og nettbutikkar.

 

Altfor mange nisjebutikkar er diverre nesten usynlege i gatebildet, og dei går i fella med å tru at «alle» veit om butikken og kva dei har å by på. Det vert brukt for lite ressursar på ein tiltalande og fristande fasade – og det vert brukt for lite på marknadsføring.

 

I mars vart heile samfunnet råka av ein pandemi som me ikkje kunne sjå konsekvensane av. Mangt har skjedd, mykje godt arbeid og innsats er gjort hjå mange, medan andre diverre framleis står med hovudet i sanden…

No er me komne til midten av november og me er på ny råka av aukande smitte i samfunnet – og med det fleire restriksjonar i ei allereie vanskeleg tid. Det vil sei at me alle lyt tenkja annarleis når det gjeld butikkdrift og handel framover. I tillegg har me og alle desse «supersalgsdagane» som handlesstanden har skapt, som ikkje er levedyktig sett frå ein butikkeigar sin ståstad.

 

“Det er liten vits i HØG omsetning, om det er LÅG inntjening”

 

Singles day er allereie over, og det nærmar seg styggfort det som starta som kun Black Friday, men som har utvikla seg til både black weekend og black week! Legg til ein cyber Monday og «galskapen» er komplett. Dette har gått ut over den «tradisjonelle» jolehandelen som tidlegare føregjekk hovudsakleg i desember.

Dei sjølvstendige butikkane har ikkje sjanse til å vera med på galoppen med å «gje vekk» varene som black Friday osv. legg opp til. Dessutan; Høg omsetning EIN dag eller i ei veke, betaler absolutt IKKJE rekningane til butikkane i januar og februar.

 

Dette er noko av bakgrunnen for at motvekta «Nisjebutikkens dag» såg sitt lys.

Ei bevisstgjeringskampanje som har ei målsetning om å gjera forbrukarane og samfunnet meir bevisst på den store verdiskapinga dei lokale butikkane står for.

Fleire butikkar har gått så langt å seia at i år er dette den viktigaste kampanja for nisjebutikkane! Eg er sjølvsagt heilt einig i utsagnet, då det har vore tunge månader for mange og endå vanskelegare for nisjebutikkane å nå fram med bodskapen sin, kontra dei store kjedene og dei store nettbutikkane.

 

Grunna smittevern og restriksjonar, så har handelsstanden landet over måtta starta den viktige jolehandelen endå tidlegare enn før, og det må mange tilpassingar til rundt omkring med dei utfordringane det medfører. Fleire vil og handla på nett, eller få varene heimsendt. Ingenting er som før og ein kan ikkje sova i timen lenger.

Nettbutikk og kasse i ett

Det vil seia at du som driv sjølvstendig butikk MÅ vera endå meir på høgget. Det er ikkje nok å fylla butikken med flotte varer, pynta og så posta innlegg i sosiale medier. Sosiale medier er ein viktig marknadsføringskanal i dagens samfunn, MEN som liten nisjebutikk i sosiale medier skal det svært mykje til for at du vert sett av dei som er målgruppa di, altså lokalsamfunnet ditt. Sosiale medier åleine er langtfrå nok. Kundane spaserer ikkje inn i ein «usynleg» butikk kun via sosiale medier…

 

• Butikken må «bjuda på»!

• Butikken må vera attraktiv, både utvendig og innvendig.

• Butikken må frista kundane slik at dei verkeleg ynskjer å koma inn i akkurat DIN butikk!

• Butikken MÅ vera SYNLEG i gatebildet.

 

Nettopp difor er kampanja og festdagen Nisjebutikkens Dag ei «gåvepakke» FOR dei sjølvstendige nisjebutikkane! Den er ferdig tygga og klar til bruk! For når nisjebutikkar landet over står saman i ei kampanje, så får ein slagkraft!!

Kampanjemateriellet til Nisjebutikkens dag er utvikla og designa med tanke på gjenkjenning og synlegheit. Nettopp for at kvar enkelt butikka skal bli lagt merke til. Og det er jo poenget, ikkje sant? Det handlar om å bli sett!

For det er her mange missar. Det hjelper diverre lite å ha ein knallgod butikk om ingen veit om den. Det hjelper heller lite å tru at ein nettbutikk i tillegg er løysinga, sjølv om det kan gjera tilbodet ditt meir komplett.

Butikken din MÅ vera synleg og attraktiv, og du MÅ faktisk bruka nokre kroner for å tjena pengar. For utan marknadsføring så skjer det heller ingenting!

 

Nisjebutikkens dag handlar ikkje om tilbod og å gje vekk varene. Kampanja og markeringa handlar om kva nisjebutikkane står for, og kva dei betyr for lokalsamfunnet. Kva den enkelte butikk skal by på under Nisjebutikkensdag, ja det er opp til kvar enkelt butikk.. Men her har de alle ei ypparleg sjanse til å visa lokalsamfunnet kva akkurat DIN butikk står for, kva de er gode på og ikkje minst kva kjøpsopplevelse ein får i ein nisjebutikk.

Nisjebutikkar frå Lillesand i sør til Svalbard i nord skal FARGELEGGA GATENE med plakatar & ballongar i den svarte veka i november! Kor tøft blir ikkje det?!

I tillegg så byr kampanja og på bildefiler som butikkane skal bruka i sosiale medier, der det handlar om bevisstgjering. Dette viser at dess fleire som står saman, dess synlegare og tydlegare blir bodskapen.

Å nå ut åleine som sjølvstendig butikk er vanskeleg, men i fellesskap saman i ei landsomfattande kampanje som Nisjebutikkens Dag, så blir butikkane lagt merke til!

 

Kva no med sjølve jolehandelen og black Friday/week i år?

Akkurat det er vanskeleg å forutsjå, men at det må mange lokale tilpassingar til for å gjennomføra ein «trygg» handel rundt om i landet er sikkert. Heile opningstida må nyttast og nokre må nok ha lenger opningstid enn til vanleg. Heimkøyring og sending av varer er meir og meir aktuelt – og her gjeld det å vera like kreativ og serviceinnstilt som då korona stengde landet i mars.

Flaskehalsen i år vert nok posten og utleveringspunkta i post-i-butikk om for mange handlar på nett eller skal ha sendt varene. I denne situasjonen meiner eg at dei lokale butikkane har mykje å vinna om ein er litt framsynt og planlegg godt. Med gode smitteverntiltak i butikken, så kan de gjennomføra jolehandelen frå no og heilt fram til jol på ein ganske god måte. Alle kundar likar service, fagkunnskap og ei god kjøpsopplevelse! I ei tid der me må halda oss meir heime på alle vis, så vil det vera ei lykke å få koma seg ut og inn i ein butikk der ein får hjelp til jolehandelen. Å få sjå og ta ein prat med blide, hyggelege og serviceinnstilte butikkpersonale som kan jobben sin – det vil berre verta eit stort pluss i ein traurig kvardag for mange. Sjølv med antibac, munnbind og god avstand så er det mykje trivelegare enn å sitja å klikka seg i hel i ein nettbutikk – for så deretter å måtta stå i kø på butikken for å henta pakker. Like trygt er det og (for dei aller fleste).

 

Les også: Hvordan øke salget i din butikk

 

Når det gjeld sjølve Black Friday og week, så ser eg ikkje like positivt på den delen i år. Eg er absolutt ikkje noko motstandar av gode kjøp. Men kombinasjonen pandemi og det denne dagen har utvikla seg til? Der det handlar om å selja mest mogleg til rimelegast mogleg pris, ja då er eg redd kva det vil sei for både smitteutvikling og tryggleiken til kundane. Nettbutikkane vil sjølvsagt gå stort ut i år, fordi det er jo «sikkert». Men det hjelper lite når varene skal hentast i butikk. Risikoen for meir smitte er stor og kva vert konsekevensane? Meir smitte, flerie restriksjonar, fleire konkursar og endå lenger tid før me får tilbake ein «normal» kvardag?

 

Vil forbrukaren og butikkane verta meir bevisste i framtida?

Ja, det trur eg, men det vil ta tid.

Det som er sikkert er at fleire og fleire forbrukarar har byrja å tenkja seg om. Dei byrjar å verta meir bevisste. Enno står det å gjera «eit godt kjøp» svært sterkt hjå mange, ikkje minst pga økonomi. Men at det føregår ei haldningsendring, det er det ingen tvil om.

 

Handle lokalt kampanjer med «takk for at du handlar lokalt» og «støtt dei lokale butikkane» er diverre gått ut på dato… Desse bodskapa kling ikkje godt lenger. Kvifor i all verda skal me som kunde «støtta» noko berre fordi dei har tatt valget om å driva butikk? Eg kan jo handle kvar eg vil? Det er heller ikkje like sjølvsagt å handla i ein butikk berre fordi den «alltid har vore der». Med dagens konkurranse frå store kjeder og alle nettbutikkane både i Norge og utlandet, ja då må ein lokal butikk by på seg sjølv – og den MÅ visa kva ein står for.

Så om ein snur om litt på dette med å handla lokalt OG set fokuset på bevisstgjeringa dei unike butikkane står for, mangfaldet, den store verdiskapinga, arbeidsplassane, kva dei gjev tilbake til samfunnet og så vidare – då triggar me noko heilt anna.

Det er dette Gøril (butikkutvikler.no) og eg arbeider knallhardt med gjennom bevisstgjeringskampanja Nisjebutikkens Dag. For butikkane sjølve, saman med sentrum- og næringsforeningar må snu på tankegangen. Dei må visa meir og betre kva dei står for, samstundes som dei skal levera overfor kundane med å by på ein knasande god og fristande butikk! For framtida for nisjebutikkane og lokalsamfunna handlar om bevisstgjering og verdiskaping.

 

Oppfordringa mi er at me alle som forbrukar tenkjer oss litt meir om framover, at me veljer å handla lokalt fordi butikkane tilbyr oss det me har bruk for til grei pris. Ei god blanding, med eit godt og attraktivt vareutval. Men som nemd tidlegare, det krev at butikkane må «bjuda på» og vera interessante for oss.

 

Håpet mitt er at ikkje for mange levedyktige butikkar går under som ein konsekvens av for dårleg butikkdrift over tid og konsekvensane av ein pandemi. For samfunnet treng mangfaldet og verdiskapinga som dei sjølvstendige nisjebutikkane står for, både fysiske butikkar og nettbutikkar. Kun store kjeder åleine gjev oss på sikt mindre utval og høgare prisar, – og lokalsamfunna står att som taparen.

 

Eg heiar på mangfald og nisjebutikkane – og gledar meg til å sjå butikkane markera Nisjebutikkens dag landet over, laurdag 28.november!

 

Meir om kampanja kan du lesa på heimesida www.nisjebutikkensdag.no.

Kampanja har sjølvsagt og eige Facebookside og Instagramprofil.

 


Her på Butikkbloggen skriver vi om alt som er av interesse for deg som har eller vil starte butikk/nettbutikk – hvis du har noen forlag til artikler du vil lese kan du gjerne sende meg en mail her.

Ta også gjerne en titt på vårt kassesystem her om du er på jakt etter et.

Få månedlig bloggoppdatering

Nyhetsbrev: